Personvern
Kort fortalt: vi samlar ikkje inn meir enn det som trengst for å svare deg.
Denne sida brukar ikkje informasjonskapslar. Ho har ingen analyseverktøy, ingen annonsar og ingen innhald som vert henta frå andre tenester. Når du les her, vert du ikkje spora av oss.
Serverloggar
Vertstenesta som sida ligg hos, fører vanlege tekniske loggar. Dei kan innehalde IP-adresse, tidspunkt og kva side som vart henta. Loggane vert brukte til drift og tryggleik, og dei vert sletta etter ei kort tid.
E-post
Sender du oss e-post, tek vi vare på han så lenge det trengst for å svare eller rette det du har peika på. Vi deler han ikkje med nokon.
Rettane dine
Du kan be om innsyn i eller sletting av det vi har om deg. Skriv til adressa på kontaktsida. Meiner du at vi handsamar opplysningar feil, kan du klage til Datatilsynet.